Songdans/stordans/allsang for alle våren 2018

Måndag 12. mars og måndag 16. april 2018 er det open songdanskveld for alle som er glade i song og dans. Det er i Halli, Nordahl Brunsgt 22 kl 20.00 – 22.00.
Det blir songdans/stordans og allsang. Dessutan blir det litt å bite i attåt kaffi/te.
Velkomne til ei hyggestund med song og dans! Vebjørn Bakken leier dansen. Alt er gratis 🙂
Her er plakaten: Songdanskveldar vaar 2018

Til stordans bruker vi normalt nokre av dei mest brukte visene, til dømes «Stolt Signhild», Sinclarvisa, Kråkevisa, Fanitullen, Tre små møyar, Aksel Tårn, På Dovrefjell, Nordenfor Trondhjem …

Datoar
12. mars 2018
Kl.20.00
16. april 2018
Kl.20.00
Stad
Halli
Pris
Gratis