Laget sitt merke frå 1933

Litt historie
Oslo Songdanslag er det eldste folkedanslaget i Oslo og eit av dei eldste i landet. Det vart starta i 1922 blant folk på austkanten i Oslo.
Laget var dei første åra knytta til Den norske folkeviseringen, men vart frå 1927 eit lag i Bygdelagssamskipnaden
og dermed eit lag i Noregs Ungdomslag. På 1920- og 30-talet var laget lite, med få medlemer og svak økonomi, men likevel
eit svært aktivt lag. Rolf Børresen (foto), som var formann i laget 25 år i strekk, hadde ein stor del av æra for at laget ovelevde dei harde åra før og under krigen. Talet på medlemer var jamt under 50. Heilt frå 1927 har laget hatt fast tilhald i Bygdelagshuset, nesten heile tida i Halli på måndagskveldane. (Her finn du meir om BLS og Bygdelagshuset.)
Etter krigen steig interessa for norsk folkedans, og medlemskapet auka var var på sitt største på 1970-talet. Mange deltok på dei ulike kursa laget skipa til, og på øvingane.
Frå tidleg på 1960-talet hadde laget kvar sumar svært mange framsyningar på Folkemuseet på Bygdøy og andre stader.

Rolf Børresen, form. i 25 år

Frå 1990-talet har interessa for folkedansen vore dalande og talet på medlemer i Oslo Songdanslag har minka. Føre krigen var medlemstalet ca 40 eller mindre, men vaks til over 100 på 1970-talet.
I dag er vi 30 medlemer som møtest ein gong for månaden. Meir om laget si historie finn du her.
(Foto: Laget sitt merke frå 1933 er framleis i bruk. Før det vart det norrøne merket (solkorset) nytta, men laget laut slutte med det då NS tok det i bruk. Rolf Børresen.)
På den gamle heimesida www.folkedans.com/oslosongdanslag kan du lese litt om det som har hendt i laget dei siste 15 åra, med mange bilete.

Avskrift av gamle historiske dokument. Vi har skrive av ein del gamle protokollar a) Møteprotokollane frå perioden 1922 – 1972 og b) Den handskrivne lagsavisa «Fantefylgje» frå avisa starta opp i 1927 til. 1935. (Meir kjem.) Sjå under menypunktet «nyttig». Dette er eit eineståande verdfullt historisk materiale for folkedansrørsla.

Øvingar
Heilt frå 1927 har laget hatt øving kvar måndag i Halli. Det var alltid ein time songdans og ein time musikkdans. Sume av kveldane vart kalla «kaffikveldar». Då var det kaffi/te og mat i tillegg til meir fri dans. (Foto: Dans i Halli i seinare tid. På veggen heng bilete av tre av laget sine trugne spelemenn: Jon Tryti, Kåre Limset og Knut Trøen.)

Øving i Halli

I dag har laget 4-5 samlingar/øvingar for året, i Halli i Nordahl Brunsgt 22 kl 20.00 – 22.00. Første og siste lagskvelden kvart halvår er såkalla kaffikveld, der mest medlemer møter, men vi set pris på at andre folkedansinteresserte møter og deltar i dansen. Samlinga i byrjinga av desember kallar vi julefesten.
To-tre gongen for halvåret har vi opne dansekveldar – såkalla temakveldar – der vi inviterer alle som vil vere med.
Den eine kvelden er det songdans og stordans, den andre kvelden musikkdans i ulike variantar. Sjå oversikten under menypunktet kalender. Her er ei oversikt over dei ulike typene av norsk folkedans.

Rettleiarar og spelemenn
Gjennom heile historia har Oslo Songdanslag hatt mange framifrå rettleiarar og spelemenn. Det byrja med rettleiaren Ragna Øygard, seinare Rolf Warme og sonen Reidar Warme som var

rettleiarar frå 1925 til 1963. Av gode rettleiarar frå seinare tid kan nemnast Bjørn Åsland, Arild Degrum, Kirsten Bråten (Berg) og Brit Håland. I seinare år har Vebjørn Bakken rettleidd. Mellom dei gode spelemennene etter krigen nemner vi Torleiv Bolstad, Jon Tryti, Kåre Limseth og Knut Trøen. I seinare år har Solvor Sundsbø vore fast spelkvinne. (Foto: F.v. spelemenn: Torleiv Bolstad, Jon Tryti, Kåre Limseth, Knut Trøen og Solvor Sundsbø. Rettleiarar: Ragna Øygard, Rolf Warme, Reidar Warme, Arild Degrum, Kirsten Bråten Berg, Bjørn Åsland, Brit Håland og Vebjørn Bakken)

Kurs
Gjennom åra har laget arrangert ei lang rekkje kurs i folkedans, gamaldans og bygdedans. Dei siste åra har vi ikkje arrangert slike kurs.

Lagsbladet «Fantefølje»
Lagsbladet har følgt laget heilt frå 1920-talet, først som handskrive blad, seinare trykt og stensilert. Siste nummer av bladet kom ut i 2012. Litt meir om bladet her. (Foto: Fantefølje, framsida illustrert av Harald Aadnevik)

Framsyningar
Framsyningar har vore ein sentral aktivitet i laget, både framsyningar for turistar og på sosiale institusjonar. Særleg på 1960- og 70-talet hadde laget svært mange framsyningar, dei fleste for Båtservice på Folkemuséet på Bygdøy.
I svært mange år hadde laget kvar 17. mai framsyning på sjukehus og eldreheimar i Asker. No er det nokre år sidan laget sist hadde framsyning. (Foto: Dans 17. mai på Dikemark. Spelemann: Knut Trøen.)

Reiser til utlandet
Laget har gjonnom åra ofte reist på turar til utlandet, særleg i samband med festivalar. Særleg nær har kontakten vore med Østerike, Sverige og Færøyane.
Laget har også vore ein trufast deltakar på dei nordiske stemna eller Nordlek.

Kontakt med andre land
Gjennom heile historia haar laget lagt vekt på å halde kontakt med danselag i andre land. Før krigen var kontakten særleg sterk med Karlstad i Sverige, seinare sterkast med Østerrike og laget Kjedjan i Stockholm. Laget har også hatt god kontakt med Færøyane, vi har vore på to turar dit, og fleire gonger hatt besøk derifrå. (Foto: laget på besøk i Kyrkjubø på Færøyane.)

Reiser innanlands – utferder
Reiser til bygder og lag på Østlandet var ein viktig aktivitet før. Då hadde laget gjerne programkveld der dei kom.
Siste utferda hadde laget i 2015 då vi besøkte Hans Børli-dagen på Finnskogen

BLS-stemnet og NU-stemnet
Desse stemna har medlemene i laget delteke på gjennom alle år. På BLS-stemnet brukte laget alltid å ha framsyning på Folkemuseet.(Foto: laget dansar i Teletunet)

Nordleik – Nordiske stemne
Oslo Sangdanslag var med på det første nordiske stemnet i Noreg, i Oslo i 1922, eit par månader før laget offisielt var stifta (!). Seinare har folk frå laget jamt vore med på desse stemna som går på omgang mellom dei nordiske landa.

Haralds illustrerte danseviser
Teiknaren Harald Aadnevik har vore ein aktiv medlem i laget i mange år, og har levert ei rad flotte illustrasjonar til lagsbladet «Fantefølje». Der illustrerte han òg ein del av dei folkevisene laget nytta. Desse vart i 2002 utgitt som eit fint hefte. Endåtil kongen fekk eit eksemplar. Les meir her. (Foto: Haralds illustrerte danseviser.)

Danseviser
I 2010 ga Vebjørn Bakken ut eit hefte med nye danseviser som hadde vore brukt i Symra og Oslo Songdanslag. Laget støtta dette heftet, som vart fint illustrert av Harald Aadnevik. (Foto: Danseheftet)

Jubileumsbøker
Laget har gjeve ut to jubileumsbøker. Den første kom då laget fylte 50 år i 1972 (utkom i 1974). Den andre kom i 2012 då laget fylte 90 år.
Same året hadde laget eit fin jubileumsfest på Klækken hotell. 90-års-boka er framleis til sals. (Foto: Jubileumsbøkene frå 1972 og 2012.)

 

 

Festar
Laget har alltid vore glad i festar. Jubileumsfestar, leikfestar, julefestar, kostymefestar og mange andre. Til dømes festar for lag som kom på besøk. På laget sine leikfestar i Samfunnssalen på 1970-talet var det ofte 500 deltakarar og meir. Den siste store festen i laget var på Klækken hotell i 2012 då laget feira 90 år. (Foto: Eldre medlemer på jubileumsfesten i 2012.)