Sjølv om vi var nokså få på songdanskvelden, hadde vi det triveleg med allsang, mat/kaffi og stordans/songdans.  Vi song mellom anna Frøken Johanson og jeg og Vals på Sunnanø. Vi dansa Tordivelen og fluga som stordans, og det passa fint. Elles song vi gjennom og dansa Duva sette seg og Agnusdei. Det var hyggjeleg at dei to songglade damene frå Asker igjen deltok denne kvelden.img_8234