Det var ikkje så mange som hadde høve å møte fram på laget sin kaffikveld 12. september i Halli. Men vi hadde eit hyggjeleg bordsete med kaker og kaffi/te, lagssaker, allsang og prat. Inger Frøydis underheldt med langeleikspel. Etterpå var det dans – turdansar (Solvor spela), stordans og songdans. Ein fin start på hausthalvåret!

Tre dagar etterpå hadde laget ansvaret for to halvtimar med dans i Halli i samband med Kulturnatt i Oslo 2017. Vi hadde litt songdans og turdans. Solvor spela og Vebjørn leia dansen. Det var ikkje så svært mange deltakarar. Men på konserten til Bygdelagskoret Blåne i Storsalen var det mange som såg på.