Kulturnatt i Oslo også i BLS-lokala 16 september

Oslo kommune har i mange år arrangert det dei kallar «Kulturnatt i Oslo».
I år vil også laga i BLS delta! Det skjer atså 16. september 2016 kl 17.00 – 01.00. Alt er gratis!
Det blir eit omfattande kulturtilbod både i BLS-huset og i Nynorskens hus (BUL i Oslo).
Mange lag i BLS har takka ja til å bidra på ulike måtar. Tanken er at alle som kjem innom (vi frå laga inkludert!) skal få oppleve ei breidde av folkeleg kultur med vekt på dans, musikk, og song, og at dei som kjem sjølve kan vere med på aktivitetane. Aktivitetane blir tilpassa dei som kjem innom. Barnelaget vi vere dei første som bidrar med «halling for dei små» frå kl 17.00 til 19.00 i Storsalen. Resten av kvelden blir det «folkedanskveld» i Storsalen med to av våre beste gamaldans-orkester – Østerdølenes Spellmannslag og Ingunn Bjørgo trio. Bygdelagskoret Blåne vil ha konsert i pausen kl 20.00-20.30 under tittelen «Stev og gåter». I Halli og Blåsalen blir det frå kl 18 – 24 parallelle innslag med dans og song og musikk: Bygdedans frå ulike strøk av landet i Halli og turdans/songdans/stildans/allsong i Blåsalen.  I kaféen blir det servert kaffi, kaker og vaflar og pølser m/lompe eller brød heile kvelden. Her blir det også musikkinnslag – mellom anna toraderspel.
I Nynorskens hus (Teatersalen) blir det ulike innslag med dans, teater og song kl 18.30 og kl 19.30. Teaterlaget, Songlaget og Leikarringen m/ spelemannen Vegar Vårdal deltar.
Så det er god grunn til å merke av dagen i kalenderen: Fredag 16. september 2016.
Her er detaljert program. Kulturnatt 2016 programoversikt
Her er plakaten:  Kulturnatt i Oslo plakat

Foto dans kulturnatt

Dato
16. september 2016
Kl.17.00