Hyggjeleg juleavslutning i 2016

Det var 20 stykker som møtte fram til juleavslutninga i Oslo Songdanslag 5. desember 2016. Som bileta viser hadde den faste julenemnda (Liv, Gunnar Inger og Per) laga svært fint til, både fint pynta bord og eit lekkert matbord. Det smakte godt medjulekaker og kaffi. Vebjørn viste at den fastmonterte prosjektoren fungerte og likeeins høgtalarane, idet han viste ein song av og med nyleg avlidne Leonard Cohen (Bird on a wire). Han viste også litt frå heimesida til laget. Elles var det fin underhaldning ved bordet: Per fortalde historier, Inger Frøydis spela langeleik og vi song alle fleire julesongar, også ein ny som Inger Frøydis lærde oss. Så song vi fødselsdagssongen for May-Britt. Til slutt var det musikkdans og songdans. Solvor spela og Vebjørn styrde dansen. Ei vellukka juleavslutning. Hyggjeleg å sjå folk som ikkje går så ofte lenger! Og ikkje å forgløyme: Det var utdeling av lagsmerke til alle som runda år som medlem i laget. Som vanleg styrde Karstein utdelinga. Alle som fekk merke hadde vore med i minst 30 år! Aller lengst hadde Inger vore med, og dernest Anne. Gratulerer!

osl-des-2016-1 osl-des-2016-2 osl-des-2016-3 osl-des-2016-4 osl-des-2016-5 osl-des-2016-6 osl-des-2016-7 osl-des-2016-8 osl-des-2016-9 osl-des-2016-91 osl-des-2016-92 osl-des-2016-93 osl-des-2016-94 osl-des-2016-95 osl-des-2016-96 osl-des-2016-97 osl-des-2016