Fint gjennomført Kulturnatt i BLS

Det gjekk fint då BLS-laga arrangerte Kulturnatt fredag 16. september. Det meste fungerte slik det var planlagt. På Barnelaget si øving var det bra med folk, også utafrå. Tidvis var det også nokså fullt på dansegolvet i Stordalen der det var framifrå dansemusikk heile kvelden. Mange høyrde på då Bygdelagskoret Blåne haddekonsert i ein av pausane. I Halli, der det var bygdedans frå ulike strøk av landet, og i Blåsalen det det var turdans, stildans, songdans/stordans og allsong var det god plass til fleire deltakarar. Men laga heldt det gåande, og sume utanfrå kom innom. I kaféen var det kaker, pølser, vafler og kaffi/te å få kjøpt heile kvelden, og det fungerte fint. Ei økt fekk kafégjestene gleda av fint toraderspel. Vel blåst ! Her er nokre bilete frå dei ulike salane.

img_8082img_8080img_8079img_8077

img_8085img_8084