Det var i alt 25 som deltok på Oslo Songdanslag sin julefest 4. desember 2017. Sidan vi også feira laget sin 95-års-dag, starta vi kl 19. Som vanleg hadde den faste «avslutningsnemnda» (Inger, Per Liv og Gunnar) stelt fint i stand i Halli – fint pynta bord, gode julekaker og fine julesongar. Vi starta med bordsete, dansa ein del songdansar, nytt bordsete, og musikkdansar til slutt. Vi dansa mellom anna Haugebonden, Åsmund Frægdegjeva, Kakelinna, Sekstur I og Fandango frå Austlandet. Dansane gjekk utan problem! Vebjørn hadde teke med ein del bilete/plakatar frå 90-års-feiringa, og han fortalde litt frå historia til laget og viste nokre bilete og videoar frå «gamle dagar». Inger Frøydis song eit par visestubbar og Per fortalde historier. Som vanleg var det Solvor som sytte for musikken. Ho har no vore fast spelkvinne i laget i mange år. Ein svært vellukka kveld!